MØ

Etterforskar

Møre og Romsdal Politidistrikthttps://static.whatjobs.com/static/ajCore/img/jobPosting/companyLogo/whatJobs_ob_default.png United Kingdom Posted 23 Oct 2026 Closing: 22 Nov 2026
Permanent Hybrid

Role Description & Technical Scope

Møre og Romsdal Politidistrikt
Torget 8, 6440 Elnesvågen
Om jobben
Lagre favoritt
Stillingstittel
Etterforskar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk
Søk senest søndag 2. august
Om stillinga
Ønskjer du ein meningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av straffesaker ved Hustadvika politistasjon? Vi har no ledig fast stilling som etterforskar.
Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggjande strategien til politiet. Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til fagleg motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Hustadvika og Romsdalen byr på storslått natur og unike moglegheiter for toppturar, skikjøring eller anna friluftsliv året rundt. Er du klar for ein ny arbeidskvardag i Hustadvika? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi søkjer medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
etterforskingsoppgåver
sørgje for effektivitet og høg kvalitet i etterforskingsarbeidet
kriminalitetsførebyggande arbeid
publikumsmottak
samarbeid i grupper ved etterforsking av større saker
utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
bidra med rettleiing og opplæring/kompetansehevande tiltak ved eininga
moglegheit for støtteliste ved vakt og beredskap i Molde kvar fjerde helg (krev minimum IP4-godkjenning)
kan påleggast andre arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
**Dette må du ha for å vere kvalifisert**:
god skriftleg og munnleg formidlings
- og kommunikasjonsevne
plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven - 18 og politiregisterloven - 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels
- og skikkaheitsvurderinga.
**Det er også ønskjeleg med**:
erfaring frå politistilling
gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen
erfaring frå etterforsking utover PHS
etter/-vidareutdanning innan etterforsking
anna relevant tilleggsutdanning/kurs/erfaring
Personlege eigenskapar
motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
gode samarbeidsevner
strukturert og ansvarsbevisst i arbeidet ditt
evne til å byggje tillit hos publikum og gode kommunikasjonsferdigheter
ønskjer fagleg utvikling og bidrar til kunnskapsdeling
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
ei utfordrande og meiningsfull fast stilling i Møre og Romsdal politidistrikt
for erfarne kandidatar vil stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 650 000 - kr. 720 000) bli vurdert, eventuelt politioverbetjent (kr. 680 000 - kr. 760 000) for særskilt kvalifiserte, jf. lokale retningslinjer. Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000
Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000
Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr 610 000
ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell tunusteneste
medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons
mogelegheit for trening i arbeidstida
møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for posit
Ready to apply for this cyber security position?

This opportunity is hosted on Møre og Romsdal Politidistrikthttps://static.whatjobs.com/static/ajCore/img/jobPosting/companyLogo/whatJobs_ob_default.png. Click below to view full details and submit your application.

Key Details
  • Date Posted: 23 Oct 2026
  • Location: United Kingdom
  • Employment: Permanent
  • Workplace: Hybrid
  • Domain: General
100% FREE CV BUILDER
Need an ATS CV for this role?

Optimize your cyber CV with ATS-friendly templates before submitting your application.

Build Free CV Now
Employer Profile
MØ
Møre og Romsdal Politidistrikthttps://static.whatjobs.com/static/ajCore/img/jobPosting/companyLogo/whatJobs_ob_default.png
Verified Tech Employer

Enterprise technology firm or security consultancy operating across the UK digital defense ecosystem.

More Jobs at Møre og Romsdal Politidistrikthttps://static.whatjobs.com/static/ajCore/img/jobPosting/companyLogo/whatJobs_ob_default.png