Politiadvokat med særlig ansvar for inndragning
Role Description & Technical Scope
Møre og Romsdal politidistrikt har no ledig ei spennande stilling som politiadvokat/politiadvokat2 med særlig ansvar for inndragning. Stillinga er ein del av politidistriktet si satsing på å styrkje innsatsen mot profittmotivert kriminalitet, mellom anna organisert gjengkriminalitet og økonomisk kriminalitet, og er underlagt Felles eining for påtale.
Felles eining for påtale har eit overordna ansvar for etterforsking, påtale og rettsforfølging av straffesaker i politidistriktet. Eininga har fagansvar for straffesaksbehandling og skal sikre høg kvalitet gjennom forsvarlig og effektiv forvalting av den samla straffesaksporteføljen til distriktet. Eininga har ansvar for å sørgje for at gjeldande regelverk som straffeprosesslova, påtaleinstruksen, Riksadvokatens mål og prioriteringar mv. etterlevast.
Felles eining for påtale består av fire seksjonar; tre påtaleseksjonar (Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre) og ein seksjon for administrative støttefunksjonar (straffesaksseksjonen). Stillinga er fleksibel med omsyn til arbeidsstad, som kan vere Ålesund, Molde eller Kristiansund.
Som politiadvokat med særleg ansvar for inndraging vil du arbeide med å sikre verdiar som stammar frå kriminell verksemd. Stillinga omfattar juridiske avklaringar, påtalestøtte, kompetanseheving og fagutvikling innan fagområdet.
Du vil ha eit fagleg rådgjevingsansvar for heile Møre og Romsdal politidistrikt og bidra til å styrkje arbeidet med å avdekkje og inndra utbytte frå straffbare handlingar. Arbeidsoppgåvene ellers vil i hovudsak vere knytt til økonomisk kriminalitet og omfatte etterforskingsleiing, påtalearbeid og porteføljeforvaltning. Stillinga inneber spesielt tett samarbeid med avsnitt for økonomisk og miljøkriminalitet ved Felles eining for etterforsking, eit spesialavsnitt som arbeider med alvorleg økonomisk kriminalitet knytt til næringsliv og offentleg sektor.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi ser etter ein motivert og målretta medarbeidar som kan bidra inn i det viktige arbeidet mot økonomisk og profittmotivert kriminalitet.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
- Vere ein pådrivar for inndraging i straffesaksarbeidet i distriktet
- Påtalemessig leiing i saker med inndragingspotensial og sakar innanfor økonomisk kriminalitet
- Ansvar for rapportering på inndragningsområdet
- Kan av leiar påleggjast andre oppgåver
Dette må du ha for å være kvalifisert:
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Erfaring frå straffesaks- og påtalearbeid
- Inngåande kunnskap og forståing for politiet og påtalemynda si rolle i samfunnet
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jamfør politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli henta inn opplysningar om deg frå registera til politiet.
For søkjar til politiadvokat 2 krevst i tillegg;
- Minimum seks års erfaring frå påtalearbeid (kan i særlege tilfelle fråvikast ved relevant arbeidserfaring)
- Prosedyreerfaring frå lagmannsretten
- Omfattande erfaring med etterforskingsleiing
- Erfaring som advokat eller jurist innan fagområde som økonomi, miljø, skatt, konkurs, selskapsrett eller tilsvarande
- Utdanning innan økonomiske fag
- Gode digitale ferdigheiter, med evne til å forstå digitale spor, kryptovaluta og nytte digitale verktøy
- Tar initiativ og er ein pådrivar for inndragning
- Har evne til å motivere andre til å ha fokus på inndragning
- Er systematisk, målretta og løysingsorientert
- Har evne til å kunne handtere stor arbeidsbelastning og høgt
tempo - Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og bidrar til eit godt faglig og sosialt miljø
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag
- Ein variert jobb der du vil få juridiske og strategiske utfordringar, saman med praktiske oppgåver
- Fast stilling som som politiadvokat (stillingskode 1245) med årslønn frå kr 700 000eller som politiadvokat 2 (stillingskode 1543) med årslønn frå kr 880 000.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- Moglegheit for trening i arbeidstida
Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
#J-18808-LjbffrReady to apply for this cyber security position?
This opportunity is hosted on CV-Library. Click below to view full details and submit your application.
Key Details
- Date Posted: 11 Oct 2026
- Location: kristiansund
- Employment: Permanent
- Workplace: Hybrid
- Domain: Other Legal Services
Need an ATS CV for this role?
Optimize your cyber CV with ATS-friendly templates before submitting your application.
Build Free CV NowEmployer Profile
Møre og Romsdal Politidistrikt
Verified Tech EmployerEnterprise technology firm or security consultancy operating across the UK digital defense ecosystem.
More Jobs at Møre og Romsdal Politidistrikt